Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Ein raud Vespa


Når eg ser ein raud
Vespa,
ser eg far
i dress
på veg til meieriet.
Eg, syster
og mor mi
som vinkar
farvel og
havregraut, surmjølk,
sirup
og ost til frukost.

Når eg ser
ein raud
Vespa,
ser eg storesyster
på fanget
til pappa.
Dei bitte små
hendene hennar
på styret.
Og midt i mellom mor og far,
ein korg med kaffi,
saft,
skiver med brunost
og fårepølse,
og eg
med ljosvakne auge
i armane
til mamma

Når eg ser
ein raud
Vespa,
kjenner eg lukta
av nyslått
gras,
den søte angen
av sjø
og mjølkerampar.

Brune kroppar
som ler
med riva,
rakar vidare,
hiv høy på hesjane.
Og me
som vinkar
tilbake
frå Vespaen.

Når eg ser
ein raud
Vespa,
ser eg Storgarden
ved fjorden
der blåbæra
blir blå på leppene,
bringebæra
er gule og solbæra,
lilla,
svartsota drops.

Når eg ser
ein raud
Vespa,
ser eg
meg sjølv
sparka stein
på vegen
til skulen,

og seinare,
far
på lit de parade
i stova.

Eikekista
i flokk og følgje
mot grava,
og kyrkjegarden
som
skvulpar
mot sola
i tonar
til

måkesymfoniar,

og lagnaden,
som ler av meg
i ly
av hesjestaurane,
der han tygg gentlemansskrå
og spyttar
mot månen

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no