Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


tre dikt i mai



bjørketreet pratar

blafrande blad
på bjørketreet,
sølv og grønt
i evig rørsle,
finn ein munn,
augo nase,
pratar i veg,
urgammal tale,
som eit troll
pustar han vind
og pratar.



17 - mai

dei står
på den lyse verandaen
kirsebærlundar,
epletre,
skulemusikken
og digre, svarte
skyer

faretruande

djupe
mørke
vokalar
fyller fjorden
då sola
dreg
eit nypussa sverd
opp av slira

dirrande
i vatn



ordseremoni i mai

ein prest
ei lita kiste
jordpust
frå eika



 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no