Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Som stjerner på sjølve julaftan


Ei lita jente
så tunn og vever,
nesten gjennomskinleg
er ho
der ho svevar i kvitt
imellom slangar,
stativ
og opp ned snudde
flaskar.
Medisinen dempar
dei brutale knivane
som skjer
gjennom henne.
Den løftar
og lullar henne inn
i svevnen.

Ved sengekanten
sit ein mann.
Hovudet i hendene.
Klumpen i halsen
sprengjer.
Bilete på netthinna.
Lukta av svidde dekk.
Same bøn,
om og om igjen.

Tårene renn,
og doggar til ruta.

Vert til eit brus
blanda med
rosmarin,
som innhyller jenta
i rosenblad,
gull, sølv
og skarlaken.

Opent landskap
er det,
der fuglane kvitrar
og borna
spring barbeint
i det solvarme
graset.
Dei leikar,
dei hoiar og roper.
Og jenta
hoppar og spring.
Ho rir på ville hestar
saman med dei andre
borna.
Og dei badar i elvar
og stryk.
Når kvelden kjem,
legg ho seg
utmatta ned
ved eit eiketre.
Der snusar ho inn
angen av røter
og jord.

Då kjem ho mor,
med lavendelkvast
i håret
og tek henne med.
Dei flyg
gjennom stjernehimmel
og nordlys,
under regnbogar,
og over korngule
åkrar,
til sjukehuset,
der ho ser
faren
gret ved senga.

Far, spør ho,
far høyrer du?

Så byrjar ho
å fortelje
med ei stemme
så spinkel
at den knitrar
som snø
i krystall.
Og augo,
augo hennar
funklar
som stjerner
på sjølve julaftan


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no