Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Når spekkhoggarane syng


Senga er varm
Morgonen mørkt grå
Ho dreg ned til spekkhoggarane

Eg dreg ned til
spekkhoggarane,
ropar ho

Ein oljegrusa veg
fører til eit platå
med grøn mose
Sitronte med sukker
Ein trebenk,
spekkhoggarsong
Kikkert
og den nye dagen
som kjem
imot henne

som eit digert

lysande gap


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no