Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Snabelsprut og sjøsprøyt


Ei flaske full av sjøsprøyt
og vatn i eit spann
Me heller alt i badet
og fyller på med sand.

Ei stemning er i emning
Ei jord rundt neste sving
No tappar me i karet
Snart snurrar me i ring

Ein himmel full av latter
Ei verd på godt og vondt
Han klatrar opp i havet
Den tapre mastodont

Ein badebaljebatalje
av sjøsprøyt og av sprut
Det klukkar vatn, det klaskar
No plaskar lisle gut

Ein mammutkrig på badet
og baljen nesten tom
Der sym jo mastodonten
i landskap dekt av flom

I skogen er han konge
På badet er han gud
Men no må guten leggjast
gå inn i draumeskrud

I draumen er han kjempestor
Der knekk han tre som flis
Ein fortidshelt, ein Tordenskiold
som ler på mammutvis

God natt då vesle rakkar
Drøym søtt på alvestrand
om kjempar og rabalder
og fjerne urtidsland


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no