Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Den forgjengelege skuggen


Open grav
ville skogar,
ei dør vert opna.
Jamn dur
blafrar i cello.

Kaffisola skin gjennom
viftar av makrellskyer.
Det er forfedrane som
glitrar i vatnet.
Dei smiler og blunkar
sølv i havet.
Orda deira strøymer
som om det var duer
som kurra

Dei talar om mannen
frå Færøyane.
Han som sa det alltid
regna i Tórshamn.
Han som knekte
fingrane sine

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no