Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Sko på spasertur


skoa mine
har teke seg
ein spasertur
oppi åsen.

kvardagssola
spreiar seg
som ei vifte
over verda

i eit nøtteskal

er det havstorm

og hjelpelaust
kav

skoa mine
har teke seg
ein spasertur
oppi åsen
der nyt dei den frie
tilværa

medan eg
tastar ein sms.
ta med litt luft, dåvel,
ta med litt utsikt dåvel
ta med litt stemning, dåvel.
gjerne med bølgjer og hav,
og utsikt
mot
atlanterhavet.

ingen svar å få.
dei har vel
teke seg eit bad

i elva


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no