Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Septembergal


dagsrevyen er
over og
sauane spring
i flokk
oppover haugane.
kvinna klappar
i hendene og hoiar.
pyssjar på dei.

på skrått
nedover ser me det
skjelv
i rognebær
og lauvtre i gull.
motorsaga brølar ut
tankar
på villspor.
mannen fellar eit tre.

ein skule i Beslan.
guten med hendene
i været.
dei redde auga
verda er gal

ein skugge
pustar
utover fjorden
sølvspegelringar
og
straumdrag
kviskrar
i bånsullvind

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no