Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Ei sann historie


Ein norsk pilegrim
er på veg til Santiago
de Compostela,
der ein valmuevind
skapar bølgjer av håp.

Nordmannen
ber på ei bør,
ein sekk
full av steinar,
som letnar
for kvart steg
han går.

Så kjem ein prest
med lang svart kjole
syklande.
Eit kors
er festa til bagasjebrettet.
På korset står det.
Gud er ikkje avvikla
enno.

Presten
ensar ikkje nordmannen.
Han heldt godt fast
i hatten sin
og syklar vidare
til han forsvinn
der himmelen
møter jorda.


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no