Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Under ein raud parasoll


synkronsymjing
under vatn
hender
mot stortå

åtte svaner dykkar
sym og
syng si elsk
i moll

mot dei på land

der dei slangar seg
under
ein raud parasoll
drøser

ser på

torevêret
langt borte
i horisonten

dansen
festa på papiret
med blyant

lyttar ho
til den nykyssa
stemma
hans

- Nils Holgerson?

og

toreskrall
i det fjerne



 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no