Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Eit paddeliv


Det ploppar i ein sølepytt
titusenvis mikrobar,
Det boblar opp av paddespytt
det gnistrar av ionar

Det høyrest ut som spedbarnsgråt
dei såre hulk frå grøfta
i paddenes oppsvulma språk
dei syng ut kjærleiksløfta

Han bles seg opp så blank og fin
i takt med elskovshugen
Dei parar seg i måneskin
og padda ho er sugen

Snart fyllest dammen opp med egg
Han klamrar seg til ryggen
Han heng seg på ho som ein klegg
Han kyssar ho som myggen

Når larvene vert rumpetroll
då er dei små og sleipe
Dei sym og dansar rock and roll
I dammen vil dei leike

Dei veks så alt for fort for mor
Snart kryp dei ut or varmen
Ein avskjedssong dei kvekk i kor
Sjarmerande er larmen

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no