Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Morgondogg


jorda
spinn meg inn
i kraftige
armar
og sval
nydusja
hud
før
du greier
tankesvermar
ut av
håret mitt
og morgonteén
langsamt
tek bort
natta
frå augo
mine

eg kikkar
inn i spegelen
og ser
at du ler
blussande
tilbake
i hundre år gamle
sprekkar

full
av forventning
oppdagar eg
at stemma di
er raud

idet du
rusar motoren
nede i gata
og freser
vespaen
inn i
vinterlyset


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no