Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Meditasjon


for så å

utover
det svale
blinkande vatnet
kjenna det
kila mot leggane
og lenger uti
lytta til
lyden av
ei måke som lettar

skvetta vatten
mot himmelen
og flira
mot silhuettane
i lyset

pusta djupt inn
og ut
i konsentrasjon
inn, inn
og heilt, heilt ut
igjen
der tid og rom
blir
gule plastikk
ender
og baderingar
i saltsprut

avskrudd
frå alt
ei halvtimes tid
kvar dag
på senga
i rommet
med dei blå gardina

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no