Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Flittige maur


Sjå på maurtua inni skogen
i ei lysning bak tre staur
Høyr kor ljost lauvtresynagogen
bles i tuba for gylne maur

Han som kviler seg oppå tua
ligg i sola, skin som gull
Han er så vakker der han ruvar
lagrar varme, nesten full

Så fyk han ned og varmar andre
spreiar varme som ein omn
Og dronningmora ligg på egga
der ho snor seg som ein orm

Ein kvinnevond mann kjem til syne
såra av kjærasten sin
Han ser etter nokon å tyne
maur på ei tue han finn

Han vil riva ned heile jorda
rasera maur, hus og heim
Mens han sparkar, brøler ut orda
grip tua fast i eit bein.

Og foten fangast i ein festning
Millionar av maur slost
skulder ved skulder mot utsletting
i gru er kroppen snart låst

Han hyler om hjelp, ille faren
Eg hatar dykk ekle kryp
Kom igjen, skrik mauren til karen
og gjev han eit kraftig klyp

Frå tua høyrest no mektig blues
gjev verda ein salig fryd
å høyre så djup ein seier-sus
frå mauren sin strupelyd.

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no