Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Målerinna


Ho ser på noko
Ein fortvila vind
som bles
under vatnet
Ho ser
på noko
at himmelen
er uroleg
og han
som vaskar hendene sine
heile tida
under rennande vatn
frå springen
på badet

sliten, alltid sliten

under rennande vatn
på badet

ho ser
på noko
ei rosa kule som
søkk
på eit lerret

i ein fjord
med ein
holme
og eit bål

så spyttar
ho
på fingrane
og viskar ut

tida

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no