Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Vekkerklokka


Medan vekkerklokka tikkar
med sitt nye batteri,
Senker blokka blikket sitt
og strekkjer seg i kjærleg vri

Gamle sprekkar vert gjenopna
av ivrige eføybitt
Grønt og frodig dei dekkar til
dei veggar som er slitt

Naboen er ung og vakker
men så sårbart spunnen inn
i edderkoppen sitt fangnett
Eit flott, men dødeleg spinn

Blokka vår er betongkvinna
Mildt ho dyssar han i svevn
Ho nynnar hest med vindfløyten
summar lågt ei tidlaus bøn

I ei gammal skrift ho fann den
Ber om nåde for ei mor
Den einaste og beste ven
Eldste son og storebror

Men sjukdomen er dødeleg
Blokka gret i hese rop
Om dagen er ho optimist
Gjennom natta gir ho opp.

Eføyen dekker snart blokka
Helt i hop den skjøre mur
Veks og veks seg gjennom byen
Snart er byen vill natur

Hus og bilar under eføy
Gatene vert heim for dyr
Svarttrostsong og utan bystøy
Englar der det før var myr


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no