Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Ho som ventar på Godot


ho skjelv
i dei raude
silkebuksene
blusen av filt
flagrar i vinden

navlen er bar,
den bleike huda
nuppar
under frosthimmelen
du legg merke til henne,
legg tida di att
på bussen

mann med svart paraply,

der er han,
taktfaste steg
går rett forbi,

hadde eg sagt,
at eg visste at du kom?
hadde du då bakt
brødkransar med safran
og laga sotenglar i snøen?

over cafébordet,
gloauge, smale
blå i blått,
belladonna
så faldar ho hender
dreg dei ut ein etter ein,
fingrane
knepp, knepp
men han kom aldri,
før det var for seint
og bussen for
ifrå henne

der ho sit
aleine
på kafeen,
ved sida av kassaapparatet
og ventar
på Godot


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no