Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Som ein geitebukk


Mor mi teiknar ein geitebukk
sterk og sta ein, som ho
Eit merkverdig andlet svevar
auga utstrålar ro

Horna kunstferdig og vakre
Andletet langt og bart
Nedst på haka er skjegget langt
blikket er stolt og rart

Han står på ein knaus på fjellet
skodar ned mot ein dal
Det kunne ha vore mor mi
stolt som ein admiral

Fjellet ho klatrar som bukken
sta ho klorar seg fast
På alle fire kryp ho opp
svoren entusiast

Med eitt ho ser over klippa
bukkar på rekke og rad
trippar og trampar mot brua
Trollet er stolt og glad

Monstret ligg strak under brua
kror seg slesk og stygg
Den minste bukken som trippar
liten leiken og trygg

Kven trippar så lett på mi bru?
Guten vert skremd og spring,
for stemma sprakar grov og gru,
skrekk og ein farleg sving

Skam deg, ropar mor til trollet
Ho stig, ruvande stor
er større enn største bukken
alle geiter si mor

No teiknar ho monstertrollet
smilar, gjev han ein teint
Bukkane får fara til fjells
redda nesten for seint

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no