Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Mannen med flodheststemma


Ein mann samlar mimikkar
Ein mann med flodheststemme samlar mimikkar
Ein mann med langt smalt andlet og melankolske auge
heldt monolog

og samlar mimikkar
frå publikum
han trollbind først
og ler
og ler
og ler
ein flodhestlatter som jagar publikum
til dei vert små planetar i universet
sceneteppe fell og flodhesten samlar
rekvisita
ein latter
ein penn
mimikkar
og
ein flosshatt

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no