Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Nærøyfjorden


Eg kjenner meg fanga i byen
Her eg sit i min lenestol
Jordtonar lokkar i vinden
frå Sogn og Fjordane i sol

Fjørlett og lilla er engkarsen
engsoleia blømer i gult
Ein vår med iskrem på kaia
og sjøsprøyt i bringa mi skjult

Nærøyfjorden sukkar og lokkar
Den fuktige lukta av sjø
Ein sogning med raud miks i handa
og sjøen som byrjar å flø

Det hender me badar i fjorden
kikkar opp på fossar og fjell
Då verdsbroren kjem som ein kjempe
ein cruisecoloss i sol på hell

Eit brureskip bles høgt i hornet
Turistane vinkar og ler
Me er visst komne til himmelen
så vakkert er skipet me ser

Når fjorden lokkar og kallar
eg vandrar imot fjell og gard
og angen av fjordalyset
gjev minner om biltur med far


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no