Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Fader frost


Fader frost kikkar inn. Sol i lengtande sinn
Eg ser det, men eg prøver å gløyme
Stemma hans, djup og rå. Augo skin himmelblå
Så mange minne sorga mi vil gøyme.

Kor eg saknar turane på fjellet
Drøyme seg bort i pulver snø
Sola seg i le i snøfonntjeldet
Kaffikos, skinke, egg på brød

Susa nedover ein lang slakk bakke
Ramla i pulver mot snøvegg.
Kava oppover med stiv nakke.
Klamra seg til eit tre med skjegg

På hyttetur med mange vener
Diskutera til langt på natt.
Ein tur ut, ein måneskinscene
Med latter, songar og sjakk matt

Susa nedover ein lang slakk bakke
Ramla i pulver mot snøvegg.
Kava oppover med stiv nakke.
Klamra seg til eit tre med skjegg

Fader frost kikkar inn. Sol i lengtande sinn
Eg ser det, men eg prøver å gløyme
Stemma hans, djup og rå. Augo skin himmelblå
Så mange minne sorga mi vil gøyme


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no