Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Elvescenario


Digre kastanjetre
og furunåler flyt
langs elva.
Det er påske
Du går ned
steintrappa,
dreg det eine beinet etter deg,
ropar hosianna
løfter armen
og synet ditt
er sandaktig
naivt
Nokon fortel deg
at det ligg ei
hinne
over himmelen

Du vert blenda
tek deg til munnen
og kjenner
at du har fått
eit gult nebb
Varmen breiar seg
bak brystet
Du spreiar
svanevengene dine
forsiktig ut
Slår i sakte slag
mot elvelyset

idet du
blir fødd

på ny

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no