Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Dødvinkelen


eg såg han i dødvinkelen
idet han kjørte forbi.
han stogga venta, og kjørte
forbi igjen.
det unge gliset.
den aude vegen.
regndråpane på ruta
den tette stemninga,
og rattet
si aukande pulsering
forbi igjen
fortare denne gongen
då tunnelen nærma seg,
såg eg han dreie
inn til sida
det var noko med auga
fliret.
eg kjørte inn ved sida
av han
ved sida av forden hans
og såg på han.
han verka overraska
me satt lenge og målte
kvarandre.
eg tok ein røyk,
fann ei avis og begynte å lese
han tok ein røyk og stirde.
så kjørte
han
inn
i tunnelen.



 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no