Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


Tillitsfulle byrottar


Eg ser på duene
på taket.
Dei granskar meg
attende.
Fornemt
gjødslar dei dagen,
så lufta vibrerer
gjennom
himmelen.
Uutgrunnelege
er me,
der me ser
kvarandre
i augo

Eg gjev dei aldri mat,
svarar eg
når folk klagar
over flygande
rotter.
Sporvane og svarttrosta,
ja,
og bitte
små
porsjonar.

Eplebitar, havregryn,
Solsikkefrø,
you name it,
seier eg.
Men byduene,
aldri,
kunne ikkje
falla meg inn.

Tankane mine
sig
seg varme
inn i duesjela,

kurrar
i melankolske
mannskor
melodiar.

Eller
er det meg
dei ropar på.

Eg opnar døra.

Der kjem dei,
flaksar
så håret mitt
bles
og vaggar
i sirkelskyer
rundt meg.

Svoltne.

Naboen
over gata
stirar
diskré
over hustaka

 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no