Tilbake til hovedside

  (c) Jannike Kayser      

 

 

 

 

 

 

 

 


På besøk i Bergen


Sjå på båtar, eta skillings bollar.
På brygga er livet svalt og godt.

Drikka kaffi, spela fjollerollar
på turistmål, vera full i lått.

Fjella fulle av fred, Gud på rosa moped.
Byen ler og badar seg i sjøen.

Det er sommar og sol i ein regnmetropol
Pilsen slangar seg i solskinskøen.

Digre skip ligg stille ut på fjorden,
nyt ein dag då sola høljar ned.

Beffen tøffar hurtig over vågen.
Fløybanen går langsamt opp og ned.

Fjella fulle av fred, Gud på rosa moped.
Byen ler og badar seg i sjøen.

Det er sommar og sol i ein regnmetropol
Pilsen slangar seg i solskinskøen.

Haakonshallen ropar stilt om rettferd.
Bryggen dansar polka med seg sjølv.

Sjå Statsråd Lemkuhl, klar til ei ny ferd.
Måkar fangar fisk som glitrar sølv.

Fjella fulle av fred, Gud på rosa moped.
Byen ler og badar seg i sjøen.

Det er sommar og sol i ein regnmetropol
Pilsen slangar seg i solskinskøen.


 
Kontakt Jannike Kayser
Alle tekster er (c) Jannike Kayser
Gjengivelse er ulovlig uten forfatterens tillatelse.
jkayser@online.no